Ragnar Arntzens hjemmesider
Startside Opp

 

Startside
Opp

 

STUDIEOPPGÅVER TIL

GULLIVERS REISER AV JONATHAN SWIFT

Ragnar Arntzen

Her finn de mye flott stoff om Jonathan Swift og Gullivers reiser (heile teksten, illustrasjonar, om forfattaren osb) 

Her finn de ei oversikt overkapittelinndeling og mellomtitlar

1.      Lag eit kort og poengtert handlingssamandrag av Gullivers reiser (evt del I og II)

2.      Kommenter forholdet mellom Gulliver og innbyggjarane i Lilliput og Brobdingnag. Korleis oppfører Gulliver seg, og korleis opplever han dei andre?

3.      Gi ein kort presentasjon av forholdet barn-vaksne i eitt eller fleire av dei landa Gulliver kjem til. Korleis fungerer desse sekvensane (humoristisk, satirisk, utopisk)?

4.      Les om Swift og Gullivers reiser i ei litteraturhistorie. Samanlikn reisemotivet i Gullivers reiser med ein eller fleire andre tekstar du har lesi.

5.      Samanlikn Gullivers reiser med annan fantastisk litteratur du kjenner til.

6.      Tenk deg at du har ein skoleklasse der du skal freiste elevane til å lese romanar frå den klassiske litteraturen, slik L 97 seier. Koreleis ville du ha presentert Gullivers reiser? 

a. Snakke rundt boka (om innhald, motiv, tema, spenning og/eller humor)?

b. Snakke om reiser, fantasi og liknande?

c. Bruke boka tverrfaglig (levemåtar, samfunnsformer, samfunnskritikk, satire)?

d. Plassere boka i tid og fortelje litt om forfattaren? 

e. Lese eitt eller fleire korte utdrag frå boka (med litt snakk som bind det heile saman)?

f. Andre måtar?

 

7.      Presenter og drøft noen måtar du kunne tenke deg å arbeide med Gullivers reiser på i ein skoleklasse.

8.      Tenk deg at du har ein skoleklasse der de skal arbeide med fantastisk litteratur (eller reiseskildringar), og der de skal lese eldre og nyare litteratur, lange og korte tekstar.

a.       Kva for tekster ville du ha valt?

b.      Korleis ville du ha grunngitt tekstutvalet?

c.       Korleis ville du ha motivert elevane?

d.      Kvifor skal elevane arbeide med denne typen litteratur i skolen (i tillegg til at L 97 seier at elevane skal)

 

9.      Korleis kunne du tenke deg å bruke IKT i arbeid med Gullivers reiser. Grunngi dei vala du gjør.

 

Oppgåvene 3 til 9 er av ”eksamenssjangertyper”.