Arnstein Hjelde

 

Kontakt:

Kontor: F1-073

Postadresse:
Høgskolen i Østfold, avd. LU
1757 Halden
Tlf: 69215076 / 41501618

Eg er utdanna cand.philol. og arbeider som førstelektor i norsk ved Høgskolen i Østfold, avdeling for lærarutdanning. Her har eg vore tilsett sidan 1997, og eg har gjennom desse åra i hovudsak undervist allmennlærarstudentar på norsk 1, 2 og 3 i ulike språklege disiplinar som grammatikk, språkhistorie, dialektologi, norrønt og bilingvisme. 

 

Tidlegare arbeidsplassar:  
  • Westby High School, Wisconsin (1986)
    Hausten 1986 reiste eg som "visiting scholar" til universitetet i La Crosse i Wisconsin, og eg vart da hyra inn som norsklærar på den vidaregåande skolen i Westby. På 80-talet var norsk det einaste framandspråket dei hadde i denne norsk-amerikanske småbyen.
  • University of Wisconsin, La Crosse (1986-87)
    Eg var knytt til UW-La Crosse som "visiting scholar" i tre semester, frå september -86 til desember -87, og den siste hausten underviste eg i norsk her.
  • Overhalla vg. skole (1990-92)
    I to år var eg lektor i norsk og samfunnsfag på denne skolen i Namdalen.
  • University of Wisconsin, Madison (1992)
    Hausten 1992 reiste eg tilbake til Midtvesten for å gjere feltarbeid på det norske språket i Amerika, og eg hadde da base ved universitetet i Madison.
  • Universitetet i Trondheim / NTNU (1992-95). Her var eg stipendiat på Nordisk institutt i tre år, og eg arbeidde da med det norske språket i Amerika.
  • Høgskolen i Nord-Trøndelag (1995-97)
    Dei to siste åra før eg flytta til Halden, var eg tilsett i midlertidig stilling som høgskolelektor ved lærarutdanninga på Levanger.
Administrative verv:  
  • Leiar for Norskseksjonen ( 2000-06)
  • Leiar for avdelingsstyret ved Avdeling for lærarutdanning, HiØ (2003-08)
  • Tillitsvald for Forskarforbundet ved LU (frå 2007)
FoU-arbeid:  

Eg har fleire ulike FoU-prosjekt som eg prøver å finne tid til å arbeide med:

  • Norsk i Amerika
    Eg har sidan midten av 80-talet interessert meg for det norske språket i Amerika. Og i 1986 var eg så heldig at eg fekk støtte til eit lengre opphald i Midtvesten. Vårsemesteret 1987 kunne bruke all tida mi på å rundt på kryss og tvers i Midtvesten på jakt etter folk som enno snakka trøndsk. Eg reiste da rundt i dei gamle norske settlementa i Minnesota, Wisconsin, Nord- og Sør-Dakota og fekk på den måten møte eit Amerika som eg ikkje visste eksisterte. Det lydbandmaterialet som eg samla inn da, vart grunnlaget for hovudoppgåva mi ved Universitetet i Trondheim. Hausten 1992 reiste eg igjen til Wisconsin, denne gongen for å gjere innsamlingsarbeid i området rundt Coon Valley og Westby. Det siste innsamlingsarbeidet gjorde eg i 1996, da eg var tilbake i Coon Valley. Til saman har eg samla inn over 120 timar med opptak av norskamerikanske dialektar. For å sikre dette materialet for framtida har eg digitalisert dette materialet .
  • Nettgram
    Eit svært uferdig prosjekt der Bjørn Kvifte og eg prøver å lage ein interaktiv grammatikk for internett. Det har ikkje vore så mykje aktivitet på denne fronten i det siste.
  • The Year's Work in Modern Language Studies
    Dette er "single most comprehensive evaluative survey of scholarship on European and Latin American languages and literatures", utgjeve av The Modern Humanities Research Association. Oppgåva mi her er å lese og skrive omtale av "alt" som kvart år blir publisert om norsk språk.